SLÅTT Skuldalsbruri
Type: Halling 6/8
Familie: SKULDALSBRURI
Oppskriver: Truls Ørpen
VERK Hardingfeleslåtter
Bind: 1
Nr: 114a
Side: 235
SE ANDRE SLÅTTER
Av samme familie:
Med samme stille
Vanlig stille (2417)
FELESTILLE

Vanlig stille
KOMMENTARER
(Skuldalsbruri) Ø. 346. Oppskr. 1953 etter opptak i NRK. Bjørgum hadde lært slåtten av Halvar S. Rysstad, Hylestad, Setesdal. 114a-f er variantar. Slåtten har fleire namn. I Krødsherad kallar dei han "Håvardsgangar", truleg etter Håvard Gibøen, og i Telemark "Steinar Åse". Sjå R. Berge - Håvard Gibøen, Skien 1932 s. 28. Det skal vera Myllarguten som laga slåtten. Signe Skuldal, Seljord vart tvinga til å gifta seg med granneguten Steinar Åse som var ein dårleg kar. Ho drukna seg i Skuldalsvatnet. Sjå B.s. Ymis trad. s. 315a (etter Torkjell Haugerud). Segna finst i fleire variantar, sjå Johs. Skar - Gamalt or Sætesdal V, Kra. 1911 s. 136, M. B. Landstad-Ættesagaer, Kra. 1924 s. 113. Syn og Segn, Kra. 1904 s. 326-327. S. Bugge og R. Berge - Norske eventyr og sagn, Kra. 1909 s. 25-27. R. Berge - Norsk sogukunst 1924, s. 12. Norsk Folkekultur 1934, s. 42. Også stevet finst i fleire variantar, sjå B.s. Spelmenn, Telemark, s. 54 (etter A. J. Brekke). Ibid. s.147 (etter Sigurd Torgeirson). R. Berge-Norsk Visefugg, Kra. 1904 s. 177. Johs. Skar - Gamalt or Sætesdal, V, Kra. 1911 s. 136. Hos Skar lyder det slik: "Mykji ti Mann aa snei ti Gut va Steinar Aasi, ha' 'an 'kji legje me Fante-Fjaasi, ha' 'an 'kji stole den Tobaksdausi", sa Signe Skuldal før ho sprang på vatnet. Myllarguten tralla dette verset og då teksta var slutt, heldt han fram med tulling og lilling til heile slåtten var utbygd. Slåtten er elles trykt: Halv. nr. 15. O. Frøysa - Kjende slåttar av Eivind Aakhus, Oslo 1929, nr. 6. T. Torgeirson - Møllargutens slåtter, Oslo 1924, nr. 3.

Se notene til dette verket

Navn Kilde Født Død Område Sted Fra samme kilde